Årsmeldingar

Til hovedsida


| 2001 | 2000 | 1999


Årsmelding for 2001

Hallinglaget i Oslo hadde årsmøte for år 2001 den 15. februar. 

Laget har hatt 7 hallingspringarøvingar/lagskveldar våren 2001. På ein av desse kveldane (1. februar) heldt Stein Thorleif Bjella konsert med eigne låtar. Det var ein flott konsert med både humoristiske og vare tekstar på hallingmål.

Oppmøtet denne våren varierte. Til å byrje med var det  5–6 par på øvingane, men utover våren dabba oppmøtet noko. På danseøvingane har spelemannen vore Hilde Kirkebøen, og med hennar klokkeklare hardingfelespel treivst me alle svært godt.

Totalt har me hatt 6 øvingar hausten 2001. Hilde Kirkebøen byrja å studere i Trondheim denne hausten, så det vart noko brigde på spelinga i høve til tidlegare. Me har prøvd å få flest mogleg fram som spelemenn til øvingane. Av dei som har vore brukt, kan nemnast: Ingunn Stræte Sørbøen; Olav Arne Løstegård; Oddmund Vestenfor; Ulf Arne Johannessen, Ola Imset og spelgruppa i Laget for Folkemusikk med Bernt Balchen i spissen.

Oppmøtet varierte noko utover hausten. Gutane stilte talrike til å byrje med, medan jentene let vente på seg. På slutten var det omvendt. Gutane hadde gått lei, medan jentene møtte opp i flokk og fylgje. – Endå eit eksempel på kor lite samordna kjønna er?

Hallinglagets tillitsvalde har hatt 2 styremøte i vårhalvåret og 1 i hausthalvåret. Me har hatt møta heime hjå kvarandre for å planleggje aktivitetar. Det blir stemning når ein treffest heime hjå kvarandre.

Hallinglaget har arrangert 2 minikurs i hallingspringar (25. mars og 28. oktober) på folkedanskveldane til Bygdelagssamskipnaden. Me takkar Olav Arne Løstegaard og Oddmund Vestenfor som stilte opp som instruktørar. Karin Code og Ola Stave har sytt for spelinga til kursa. Takk til alle for framifrå innsats!

Bygdøystemna 3. juni samla 6–7 medlemmer frå Hallinglaget som dansa i det fine vårvêret til Karin Codes fine dansespel. (Karin var i Noreg eit heilt år, frå hausten 2000 til over sumaren 2001 – veldig triveleg med slike eldsjeler som brenn for spel og dans!).

27. juni var 8 stykke med på "Spikjikjøtturen" til Hallingbu. Ei flott avslutning av vårhalvåret i strålande sumarvêr.

Fela til Hallinglaget er  leigd ut til Olav Ødegården.

Me var med og arrangerte kurs i hallingspringar og fest på Ål den 3. november saman med spel og danselaga i Hallingdal. Diverre var oppmøtet ikkje det heilt store på dette arrangementet, men det kom då ein 4–5  frå Hallinglaget, i tillegg til andre, på kurset. Festen samla ca. 40 stykke.

Oppmøtet kan ein ikkje klage på i det storslåtte hallingspringarkurset som vart halde helga 17.– 18. november i Storsalen i Nordahl Bruns gate. Heile 35 stykke deltok på kurset.  Karin Brennesvik og Hallgrim Berg var instruktørar, medan Hilde Kirkebøen hadde tatt turen ned frå Trondheim for å spele. Det var eit flott kurs av personar rotfeste i det gamle samspelet mellom spel og dans, som har utvikla seg gjennom fleire hundre år. Akkurat dette samspelet, med 3-takt og rytme i spelet som speglar seg i svikten i dansen, vart det lagt stor vekt på i kurset.

Lagsavisa Hallingljom har kome ut i 2 eksemplar, eitt i vårhalvåret og eitt i hausthalvåret – takk til bladstyret og Terje Grangård for ein flott jobb. Me har også gjeve ut 2 aktivitetskalendrar, ein for våren – og ein for haustens arrangement.

Av arrangement utanom i Hallinglaget kan nemnast Landsstemnet i Noregs Ungdomslag fyrste veka i juli. 4–5 medlemmer av laget var med på dugnad i høve stemnet. Karin Code spelte til dans på kvelden både fredag og laurdag.

Elles må det nemnast at på nesten alle arrangement som laget for Folkemusikk har hatt i år, har det vore spelt og dansa hallingspringar.

Geir Tretterud

Styret 2001:
Leiar: Geir Tretterud
Nestleiar: Ingunn Stræte Sørbøen
Kasserar: Terje Grangård
Skrivar: Ola Imset
Styremedlem: Maria Storhaug (fram til sumaren 2001)

Bladnemnda: 
Leiar: Oddmund Vestenfor
Medlemmer: Audun Brekke og Johanne Landsverk

Hyttenemnda:
Leiar: Bård Kyrkjedelen
Medlemmer: Ragnar Sandem , Ingebjørg Rivedal og Terje Grangård


Årsmelding for 2000

Hallinglaget i Oslo hadde årsmøte for år 2000 den 17. februar.

Laget har hatt 7 hallingspringarøvingar/ lagskveldar våren 2000. På den eine av desse kveldane (13. april) fortalde biolog Astrid Skrindo om vegetasjonen i Breadalen, og alle var samde om at dette var ein fin kveld med mykje kunnskap og farger. Ho hadde mange fine lysbilete av planter som kanskje me andre har problem med å sjå, kanskje me ser betre etter neste gong me er i Breadalen i Ål. Det er moro når medlemmene tek på seg å halde eit lite foredrag om ting dei kan mykje om, og ved slike arrangement viser det seg at medlemmer som ikkje er så glad i å danse, møter opp.

Hausten 2000 har Knut Skrindo hatt instruksjon i hallingspringardansing på 5 av øvingane, og han har teke opp einskilde delar av dansen kvar gong. Denne instruksjonen har vore ei prøveordning for å sjå om ein kunne få med fleire medlemmer og få litt meir fres over dansen. Når Knut ausar av sin gode kunnskap om hallingspringar, vert det ein ny driv over dansen både for nybyrjarar og meir røynde dansarar. Det ser også ut til at fleire møter på øvingane. Så takk til deg Knut for inspirerande instruksjon.

Totalt har me hatt 7 øvingar/ lagskveldar i haust, medrekna juleavslutninga (12.desember). Der serverte med risengrynsgraut til 22 personar, koseleg at så mange av medlemmene tok turen. Me kosa oss med julemusikk, utlodding, og praten gjekk lett rundt bordet - ein fin måte å avslutte året på. Kanskje det kan bli ein tradisjon? Me var òg så heldig å få høyre norskfilolog Oddmund Vestenfor fortelja om hallingmålet. Det er moro at ein som har så god greie på det han driv med, kan formidle dette på ein slik fin måte. Med hans gode attgjeving av ulike måtar å prate halling på, samt opplesing av nokre gode historier skrivi på hallingmål, vart det ein minnerik kveld.

På øvingane/ lagskveldane har me vore i Blåsalen i Nordahl Brunsgt. 22, og det har vore 10-20 personar innom dørene kvar gong. På danseøvingane har spelemannen vore Hilde Kirkebøen, og med hennar klokkeklare hardingfelespel trivst me alle svært godt. For eit lag som Hallinglaget med mykje dansing på programmet er det viktig med ein spelemann som me kan stole på. Hilde er ein slik person, så takk Hilde for at du alltid er så positiv.

Hallinglagets tillitsvalde har hatt 2 styremøte i vårhalvåret og 3 i hausthalvåret. Me har trefst heime hjå kvarandre for å planleggje aktivitetar og til tider diskutere heftig. Det viktigaste ved styremøta er likevel god mat og triveleg stemning.

Hallinglaget har arrangert 3 minikurs (13. februar, 9. april, 10. september) på Folkedanskveldane til Bygdelagssamskipnaden, 2 i hallingspringar og 1 i laus. Me takkar Olav Arne Løstegaard som har stilt opp som instruktør, Olav Ødegården som har stilt opp som hjelpeinstruktør og ikkje minst Hilde Kirkebøen for hardingfelespel og Ulf-Arne Johannessen for toraderspel. Desse kveldane gjer at me har fått vist oss fram, og me har fått nokre nye medlemmer. Det er bra! Hallinglaget vil prøve å arrangere eit minikurs i halvåret framover.

Det vart gjennomført 6 volleyballtreningar og lausøvingar på Oslo Handelsgymnasium i vårhalvåret. Dette var ei prøveordning for å sjå om me kunne fange opp nye medlemmer, og for å sjå om dei noverande medlemmene ville finne denne aktiviteten interessant. Det var svært bra oppmøte til å begynne med, men utover våren var det andre ting som freista meir. Meiningen med å leggje volleyball og laus på same stad til same tid, var å sjå om fleire ville bli interessert i å lære laus.

Det har gått tradisjon i teaterturane til Hallinglaget på "Det norske teateret", som regel vert 10-15 personar med på desse utfluktene. Ein time før teateret brukar me å møtast på "Eilefs landhandleri", det er sosialt og triveleg. I vår var laget på "Bøddelen" av Per Lagerquist, og i haust var det "Den fjerde nattevakt" av Johan Falkberget som vart vitja - to fascinerande og forskjellige stykke. Vil henvise til referat i "Hallingljom" for dei som ikkje var med.

11. mars arrangerte Hallinglaget i lag med Numedalslaget og Valdreslaget ein bygdedansfest som vart ein suksess. Dei tre laga starta dagen med kvar sitt kurs på 1 1/2 time, og deretter var det fest med matservering. Til saman var det 55 personar på arrangementet. Mange dyktige spelemenn var hyra, og det var både gamaldans og springar. Dette viser at det er opning for samarbeid mellom dei ulike bygdelaga, og dette er nok noko ein bør satse på i framtida. Takk til iniativtakarane.

Bygdøystemna 28. mai samla 7 medlemmer frå Hallinglaget som dansa, etterpå rusla me rundt på museet. Dette er ein årleg tradisjon som det kanskje bør gå meir sport i?

23. august var 18 stykkje med på "Spikjikjøtturen" til Hallingbu. Ein fin start på hausthalvåret. Meininga var at denne turen skulle vore på våren, men då var det vanskeleg å få samla troppene. ( Sjå referatet til hyttestyret.)

Fela til Hallinglaget er leigd ut til Olav Ødegården frå hausten 2000, då Oddmund Vestenfor har kjøpt seg eiga fele. Det er bra at fela vert spelt på - til betre vert ho. Det er danna ei spelegruppe i hardingfelespel i Hallinglaget som har øving før dansekveldane i møterommet. Det møter opp frå 2-5 stykkje kvar gong - stå på karar!

Det årlege hallingspringarkurset vart halde 21.-22. oktober. Instruktørane var Knut Skrindo og Sissel Rudningen, og spelemann var Hilde Kirkebøen. Det var 25 stykkje innom kurset, både medlemmer og andre. Alle var svært godt nøgde. Ein kunne merke at dette var instruksjon utførd av røynde pedagogar.

30. november arrangerte me eit møte om "Arbeidsmarknaden i Hallingdal" i lag med DBC- næringshage i Storsalen i Nordahl Brunsgt. 22. Det var 30 frammøtte, og dei fleste av desse var ikkje medlemmer i Hallinglaget. Det vart satsa stort på annonsering av dette arrangementet både i aviser, oppslag på skular og e-post. Ein må seie seg nøgd med oppmøtet. Regionrådet og folk som arbeider i tilknytning til næringshagen på Gol, heldt foredrag, og det vart servert "Gofalefse". Me fekk inntrykk av dei frammøtte var tilfreds med foredraga, men sakna kanskje foredrag frå "dei mjuke" yrka. Det var moro å bli spurd om å vera med på eit slikt foretak. Som attgjeving for dette fekk Hallinglaget ha ei lita utstilling på "Hallingtreffet" på Pers i Gol som DBC-næringshage og Regionrådet arrangerte 4. dag jul. Monica Skaro spelte hardingfele, og me fekk gode tilbakemeldingar. Det er bra å få vist seg fram, slik at nye medlemmer kan bli hyra.

Lagsavisa Hallingljom har kome ut i 2 eksemplar, eitt i vårhalvåret og eitt i hausthalvåret - takk til bladstyret og Terje Grangård for ein flott jobb. Me har også gjeve ut 2 aktivitetskalendrar, éin for vårens - og éin for haustens arrangement.

Hallinglaget i Oslo har klart å nå målet sitt med å få laga ein eigen plakat og få si eiga nettside. Det var fire stykkje dvs. Audun Brekke, Terje Grangård, Oddmund Vestenfor og Gunn-Kjersti Bøygard som hadde 2 møte for å utarbeide plakaten, men utan Audun Brekke ved USIT hadde vel verken nettside eller plakat vore mogeleg, så takk for det. Vil også nytte høvet til å takke alle som har vore med og halde liv i Hallinglaget etter at me runda 100 år!

Gunn-Kjersti Bøygard

Styret 2000:
Leiar: Gunn-Kjersti Bøygard
Nestleiar: Geir Tretterud
Kasserar: Terje Grangård
Skrivar/ teaterkontakt: Hilde Kirkebøen
Styremedlem/ danseleiar: Oddmund Vestenfor

Bladnemnda:
Leiar: Oddmund Vestenfor
Medlemmar: Audun Brekke og Johanne Landsverk
Hyttenemnda: Leiar: Terje Grangård
Medlemmer: Ragnar Sandem og Bård Kyrkjedelen


Årsmelding for 1999

Me har hatt 14 øvingskveldar i hallingspringar og lausdans i Blåsalen i Nordahl Brunsgate 22, på 2 av desse kveldane var det foredrag og lysbilete frå New Zealand og om fuglelivet i Noreg.

Spelemann når me har dansa hallingspringar, har stort sett vore Hilde Kirkebøen.

Styret har hatt 4 styremøte. Lagsbladet Hallingljom har kome ut 2 gonger, det eine var eit jubileumsnummer med mykje historisk stoff.

Hallinglaget arrangerte hallingspringarkurs på folkemusikkpub på Gamla 08.03. og 07.06., dette var både artig og inntektsgivande.

Den 21.04. var laget på Det norske teatret på stykket "Macbeth" av Shakespeare.

Den 06.05. deltok me som lag i Bygdelags-samskipnaden på Bygdøystemna, der dansa me på Numedalstunet.

Me var med på folkedanskveldar 06.05. og 05.12. i Nordahl Bruns gate 22, der me stod for bygdedansen, dvs. hallingspringar.

Den 16.06. hadde me den årlege spikjikjøtturen til Hallingbu, det var bra oppmøte og god stemning.

11.-12.09. arrangerte me kurs i hallingspringar med Gunnlaug Lien Myhr og Geir-Helge Espeseth som instruktørar og Hilde Kirkebøen som spelemann. Det var eit bra kurs med mange deltakarar.

Me har hatt mykje arbeid i høve 100-årsmarkeringa vår. Den 23.10. arrangerte me fest med nesten 100 frammøtte. Nemnda for 100-årsfesten hadde 2 møte og ein del telefonsamtaler. 11.12. arrangerte Valdreslaget sin 100-års fest, og som motbyte til deira hjelp på vår fest, var det 3 stykke som stilte opp som hjelparar for dei.

Den 15.12. var det juleavslutning i Blåsalen i Nordahl Brunsgate 22 med julemusikk, gløgg og spikjimat. 4. dag jul var mange av medlemmane på fest på Hugnadheim på Torpo. Hallinglaget i Oslo har hatt mange aktivitetar og arrangement i 1999.

Gunn-Kjersti Bøygard

Verv, 1999

Hovudstyret:

Leiar: Gunn-Kjersti Bøygard
Nestleiar: Anne Kari Eriksen
Kasserar: Terje Grangård
Teaterkontakt: Hilde Kirkebøen
Styremedlem/Hyttesjef: Geir Tretterud
Danseleiar: Olav-Arne Løstegaard

Bladnemnda

Leiar: Oddmund Vestenfor, Johanne Landsverk og Anne Mari Flatin og Audun Brekke

Hyttenemnda

Leiar: Geir Tretterud, Terje Grangård og Ingebjørg Rivedal

100-årsfestnemnda

Terje Grangård, Gunvor Elise Hulebak, Ingebjørg Rivedal Anne Mari Flatin, Hilde Kirkebøen, Astrid Skrindo og Gunn-Kjersti Bøygard