HALLINGLAGET I OSLO

Våren 2020


Program i Blåsalen Nordahl Bruns gt. 22:

Springarøvingar våren 2020:
Om det trengs blir det litt instruksjon på øvingane som startar kl. 19.00.
Hallinglaget håper at mange som liker å danse kjem innom uss desse kveldane.
Du treng ikkje dansepartner for me skiftar dansepartner ofte slik at alle får danse!
Pris for medlemer/studentar kr. 50,-, for ikkje medlemer kr. 80,-.
Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen, Nordahl Bruns gt. 22.

Sjå også Facebook: Hallinglaget i Oslo

Andre viktige hendingar:

Sundag  2. februar:  Minikurs i hallingspringar kl. 18.00 - 19.30, for alle!
før Folkedanskvelden kl. 19.30 - 22.30!
Instruksjon i 1,5 time ved meisterdansar Eirik Fuglesteg Luksengard (A.-klasse dansar i springar og laus!).
Gnistrande dansespel ved Åsmund Fauske Jøtun!   -> Berre kr. 130,- for heile kvelden!

Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gamaldans og bygdedans i Nordahl Bruns gate 22.
Denne sundagen spelar Eiker Spelemannslag og det blir eit kvarter med hallingspringar i pausa også!

Onsdag  26. februar: ÅRSMØTE I HALLINGLAGET
Møt opp i Blåsalen kl. 19.00 presis! Laget ynskjer tilbakemelding frå medlemene.
Hallinglaget treng aktive folk i Styrer og nemnder, så bli med i laget om du kan.
Det blir enkel servering på møtet og mykje informasjon om Hallinglaget ...

21. mai - 24. mai:  Den norske Folkemusikkveka på Ål
Her vil mange frå laget delta. Om mange vil så kan me danse lagdans på Bygdamønstringa!
Tips: Ta nokre fridagar i mai og bli med! Overnatting på Satakroken Camping?

10. juni:   Spikjikjøttur til Hallingbu
Opplev marka på sitt lysaste og vakraste. Maten og stemninga har vore god det siste åra.
Møt opp og bli kjend på Hallingbu som stadig får fleire vener. Det blir fleire turar på hytta,
så meld frå til laget om du vil vere med!

24. juni - 28. juni:    Landskappleiken i år er i Rjukan i Tinn!
Her vil mange frå laget delta. Om mange vil vere med så kan Hallinglaget delta i lagdans?…
Interesserte må melde seg inn i laget å bruke denne våren til å øve seg på springaren ...

VELKOMNE SKAL DE VERA!

Til hovedsida