HALLINGLAGET I OSLO

Hausten 2018


Program i Blåsalen Nordahl Bruns gt. 22:

Springarøvingar hausten 2018:
Det blir litt instruksjon på øvingane denne hausten og øvingane startar kl. 19.00.
Hallinglaget håper at mange som liker å danse kjem innom oss desse kveldane.
Me skiftar dansepartner ofte slik at alle får danse!

Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen så blir det moro:

Andre viktige hendingar dette halvåret:

Sundag 23. september: Minikurs i hallingspringar kl. 18.00
    Her må alle som vil prøve seg på hallingspringaren møte opp!
    Godt dansespel og artig instruksjon ved Knut Skrindo. Kom aleine eller fleire.
    Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er Folkedanskveld i Nordahl Bruns gate. 

27. og 28. oktober: Stort Helgekurs i Hallingspringar!
Laurdag og sundag frå kl. 12.00 -16.00 begge dagar.

Intruktørar: Knut Skrindo, A-klasse-dansar/Landskappleikvinnar frå Oslo og
                      Sina Myhr, A-klasse dansar frå Torpo/Ål-

Dansespel ved Hilde Kirkebøen frå Ål.
Pris for kurset kr. 450,- der eit måltid mat kvar dag er inkludert i prisen.
Møt opp og bli ein betre dansar! ... Mange av danserane i Hallinglaget
kjem også!
 
(NB!   Pris for studentar og ungdom under 23 år: 300 kr.!)
 Kontakt  Laget for påmelding/meir informasjon

 Helga 8. - 11. november: Helga då alt skjer!
 Folkelarm og Oslo-kappleik på Riksscena ...
 ... Meisterkonsert i Operaen på sundagen 11. november
Merk dykk at Hallinglaget ynskjer å danse Lagdans - for me vil ta eit napp i Bollen me gav til premie!

VELKOMNE SKAL DE VERA!